Lokalnytt

Kjøp maiblomst og delta på Jentebylgja.

Frå Jentebylgja eit tidlegare år. Arrangøren lovar fint ver også denne gongen.

I morgon onsdag 8. mai blir det sal av maiblomst frå stand i sentrum, før den lokale jentebylgja startar, eit trimtiltak mellom sanitetslaget og trimgruppa

Kjøp maiblomst

Fyrst på onsdag 8. mai har Sunnylven sanitetslag stand i Hellesylt sentrum der dei sel vaflar, kake, kaffi og maiblomar. Alle som kjøper Maiblomsten er med og støttar arbeidet for born. Lesevenn er ein ny aktivitet som Sunnylven sanitetslag driv og har gjort populær ved Sunnylven skule. Salet av maiblomar er ei av inntekskjeldene som gjer det mogleg å halde fram den aktiviteten.

Delta på Jentebylgja

Den lokale jentebylgja er blitt arrangert årleg og har hatt god oppslutnad av unge og eldre. Trimturen i år startar i Hellesylt sentrum og går til Stadheim og tilbake. Det er ei strekning på ca. 5. km., men kor langt ein vil gå bestemmer den enkelte. Det viktige er å bli med på tur, seier arrangøren. Starten går kl. 17.00 frå sentrum og målgang er Hellesylt stadion der det blir utdelt forfriskingar til alle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380