Lokalnytt

Konsert ved Sunnylven skule

Ei gruppe med elevar frå 10. klasse avslutta skulekonserten torsdag.

Det tona frå fleire instrument då elevar i musikkskulen i Sunnylven hadde konsert torsdag. Musikkverk som vart framført var av både store og kjente komponistar, men også eigne av elevane ved skulen.

Det var elevane i musikkskulen til lærarane Synnøve Hjellbakk Hole og Evgenij Zukov, og instrumenta fele og piano som vart nytta mest i storsalen ved Sunnylven skule torsdag. Konserten var internt med elevar frå skulen, men også nokre foreldre og andre musikkinteresserte hadde blanda seg mellom publikum. Dei fekk ei flott musikalsk formiddagsstund.

Og konserten stadfesta at det gror godt i musikk i Sunnylven, både på fele og piano, men også på andre instrument, gitar, keyboard, slagverk og blåseinstrument. I det heile var det eit variert repertoar som vart presentert frå noteark torsdag.

Musikkomposisjonar

Sunnylven skule er stor bidragsytar til musikkonkurransen Veslefrikk. Torsdag vart tre innsendte komposisjonar spela, og som alle kom i finalegruppene og har fått diplom. Dei tre bidraga var laga av elevar frå 1-2 klasse som hamna i finalegruppa i Veslefrikk, og 8-9 klasse, og 10 klasse vart bedømt til finalegruppa i Utrykk som musikktevlinga for dei eldste klassene heiter no. Alle komposisjonane har eit fantasifullt lydspekter, ikkje akkurat dansebandmusikk, men med masse rytme og vekt på godt samspel. Dei hadde lukkast svært bra, og vi lika mykje av det vi fekk høyre.

Sunnylven skule har på fire år samla åtte finalediplom og til no vunne ein finale. Skulen er landets beste og har passert Bekkelaget skole i antall finalediplom i komposisjonstevlinga, fekk vi oss fortalt.

Snart får Sunnylven skulekorps forsterkningar frå småskulen. Lærar Evgenij Zukov dirigerer.

Rekruttering til skulekorpset

Under konserten fekk vi høyre mange musikktalent, både på piano og fele. Mest imponerte kanskje unge Ådne som spela eit stykke av Mozart, men ikkje dårlegare var broren med sin fingerleik på pianotangentane. Vi registrerte at også Sunnylven skulekorps kan få ny, god rekruttering, for åtte unge «blåsarar» fekk fram god lys på både kornett og althorn.

Ei gruppe frå 10. klasse med Anna på vokal avslutta konserten i lag med medelevar på variert instrumentering. Og vi, vi var heldige som viste om konserten.

For alle song og musikkglade blir det ny skulekonsert tysdag 4. juni, og kulturskulekonsert fredag 7. juni klokka 18.30.

Småskulen komponerte seg til finalen i Veslefrikk. Her med beviset saman med lærar Silje Stadheim.
Elevar frå 8 – 9 klasse hadde også laga ein finalekomposisjon og har motteke diplom.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380