Lokalnytt

Pensjonistane inntek fleirbruksanlegget

Fleirbruksanlegget i Hyttehola har tre nye bygg, frå høgre klubbhuset, speekerbua, og garasje for trekkemaskin, skuter m.m.

Tidlegare i mai var det vårtreff, og no i slutten av vårmånaden blir det grilltreff med underhaldning. Dei likar å vere saman i Sunnylven pensjonistlag.

Sunnylven Idrottslag og Sunnylven skyttarlag har gått saman og bygt opp eit flott og tenleg idrettsanlegg i Hyttehola ved Tronstad. I haust stod også eit nytt, stort klubbhus ferdig til bruk, eit bygg som kan brukast til alle slag festar og arrangement, også som festlokale for grilltreffet til pensjonistlaget.

Onsdag 29. mai er det omvising og informasjon om det nye flotte klubbanlegget. Her blir det også Quiz og lett underhaldning, lovar styret i pensjonistlaget. Og det blir servert grillmat, sjølvsagt kortreist råstoff av topp kvalitet, og alt er gratis!

Sunnylven pensjonistlag ønskjer alle vel møtt til grilltreff i fleirbruksanlegget i Hyttehola onsdag 29. mai kl. 15.00. Arrangøren må ha påmelding innan 25. mai til Lilly, mob. 915 87 227, eller Odd Jostein mob. 957 52 330. Den som treng skyss gjev beskjed om dette ved påmelding.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380