Lokalnytt

Bygdekvinnelaget på Røros-tur

Røros by med slagghaugar i framgrunnen

Medlemer i Sunnylven Bygdekvinnelag og andre damer og menn, i alt 19 personar var i slutten av mai på tur til Røros. Ei triveleg utflukt med mange opplevingar, god mat og godt prat.

Alle foto: Marit Hellebostad.

Det vart opp Romsdalen i staden for Strynefjellet på framtur grunna usikre føreforhold i høgfjellet. I Romsdalen gjekk det unna og etter lunsjstopp på Dombås var alle framme på Røros til forventa tid. Bergstaden Røros var nok vårkald, men har mykje å sjå, mellom anna står byen på UNESCO si verdsarvliste.

På gruvebyen sitt beste hotell tok bygdekvinnene inn. Her vart det traktering av beste slag av hyggeleg betjening som serverte lokale delikatesser for smakssansane i ein tre rettars middag.

Røros kyrkje har mykje vakker utsmykking.

Røros ligg nær grensa til Sverige og på dag to vart det kort handletur i nabolandet. Men Røros har mykje å vise fram, og tilbake vart det besøk i kyrkja bygt 1780 – 1784, innom dei store slagghaugane etter gruvedrifta, ein eldre kafe, og det vart sett på kunst –og handtverk av ull, sølv og keramikk. Og i tradisjonsmat-året til Bygdekvinnelaget interesserte sjølvsagt også lokal mat –og matkultur. På Røros var mat som få eller ingen andre har, Rørossmør og rømme, ostar, reinsdyrpølse og meir.

Under gardsbesøket på Galåvolden var det servering av spanande gardsmat.

Tredje dag var det heimveg igjen med gardsbesøk på Galåvolden Gard der eigne råvarer blir foredla til mellom anna Røros-is, kaker og spekepølser. Etter ny servering her heldt Sunnylven Bygdekvinnelag og bussturen fram med ein snartur innom Aukrustsenteret i Alvdal før heimreisa over Strynefjellet. Då hadde veret roa seg. Marit Hellebostad var reiseleiar for nøgde bygdekvinner på ein opplevingsrik tur, og som gledar seg til neste gong, skriv Synnøve Sæther i referatet frå turen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380