Notiser

Sommarkonsert begeistra

I dette bandet spela Ida Susann, Elias, Konrad (skjult), Tonje, Sondre, Olai.

Lokale elevar presenterte høgt musikalsk nivå då Stranda kulturskule heldt sommaravslutning på Sunnylven samfunnshus 7. juni. Ein variert konsert i samarbeid med Sunnylven skulekorps.

Konsertar med kulturskuleelevar er alltid imponerande, og årets avslutningskonsert var ikkje noko unntak. At nivået er så høgt mellom elevane får nok dyktige lærarar ta mykja av æra for.

På Sunnylven samfunnshus fekk eit stort publikum høyre mange innslag på fleire instrument, det var band med vokalistar, Sunnylven skulekorps spela, dei var ikkje mange denne gongen, men fleire aspirantar presenterte seg og viste at antall musikantar i korpset vil auke mykje.

Det vart mange innslag på piano, og på dette instrumentet imponerte Matti med «Don`t stop me now». Under sommarkonserten fekk publikum høyre heile fem band, delevis i samspel med lærarar. Dei spela på slagverk, gitar, piano, fele og keyboard. Også bandet som gjorde det så godt i Ungdommens kulturmønstring, KILT kom på scena og begeistra.

Lærarar i kulturskule i Sunnylven er Synnøve Hjellbakk Hole, Erik Torset og Evgenij Zhukov. Dirigent for Sunnylven skulekorps er Trond Otto Berg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380