Notiser

Hellesyltdagane nermar seg

Hellesyltdagane 2019 er berre to veker unna, fortel dette skiltet.

Det er berre to veker igjen til det store sommararrangementet, Hellesyltdagane 2019. Skilt langs fylkesveg 60 er komne opp, og snart finn du i postkassa ei 24-siders reklameavis.

Hellesyltdagane startar fredag 5. juli med konsert og Ingebjørg Bratland i Sunnylven kyrkje. Billettar til konserten får ein kjøpt på daglegvarebutikkane Joker, og Coop Marknad på Hellesylt, eller på www.tikkio.no

Arrangøren av Hellesyltdagane gjev ut eiga messeavis også i år, trykt i eit opplag på 35.000 eksemplar. I dagane før sommarfesten på Hellesylt kan du også lese på www.hellesylt.info om det som skjer. Klikk deg inn på menylinja Sommardagar på Hellesylt og finn mappa for 2019. Der ligg nokre aktuelle saker alt, og vi lovar å oppdatere om det aller viktigaste som skjer.

Hellesyltdagane 2019 blir offisielt opna laurdag 6. juli klokka 12.00 av tidlegare fylkesordførar Olav Bratland.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380