Lokalnytt

Rekordframmøte med Vangsgutane

Vangsgutane på scena på Øvre Ljøen. Frå venstre Jørgen Wiik, Gunnar Rafteset, Britt Elise Skram, Karl-Arne Frantzen, Terje Bystøl Hanssen, Magne Steinsvoll, Lasse Krogseth.

Ved Fjellgården Øvre Ljøen Amfi opna konsertsesongen i helga med gruppa Vangsgutane på scena. Med over 200 selde billettar, gode musikarar og i eit strålande sommarver vart konserten ein stor suksess.

Dei kom både langvega frå og frå nærområdet til konserten med Vestnes-gruppa Vangsgutane på Øvre Ljøen laurdag. Frå eit cruiseskip ved kai på Hellesylt kom ein fullasta buss, og frå Orkla på Stranda kom ribbåt til Ljøkaia med konsertgjestar.

-Vi reiser på teambilding-tur ein gong i året rundt om på Sunnmøre, og denne gongen vart det konsert på Ljøen. Vi synest det er eit kjempeopplegg, vertskapet her gjer ein kjempejobb, sa sjefen for bakegjengen ved Orkla, Per Svein Hole.

Betjening frå turistferja Bolsøy som «overnattar» på Hellesylt hadde også jobba seg fort ferdig for å rekke konserten, og parkeringa ved utkikkspunktet på Ljøen vart godt fylt opp av private bilar. Konsertområdet var folksamt, det var rekordframmøte på årets fyrste konsert, fortalde vertskapet som førebur ny til jonsokhelga.

Leverte. Frå venstre Britt Elise Skram, Karl-Arne Frantzen, Terje Bystøl Hansen.

Applaus med gjenklang

Stemninga på tribuna var flott frå fyrste folk-rocklåt. Vangsgutane hadde driv i framføringane av irsk/britisk inspirerte låtar, neste så vi følte å vere på pub på øyriket i vest. Også nokre norske folketonar stod på det store repertoaret. I eit praktfullt ver i eit landskap av det beste frå skaparen si hand, og frå nyreist salsbod kom det vaflar, forfriskingar hausta og laga av naturen sitt beste råstoff, og fjordfrakta øl.

Sjeldan eller aldri før har applausen og jublande tilrop gjeve slik gjenklang frå fjellskoltane kring Øvre Ljøen Amfi som det gjorde laurdag. Cruisegjestane kjende seg igjen i musikken som seks trauste spelemenn og ei svært dyktig dame formidla frå instrument og på volkal.

Flott konsertplass

Dama i flokken, Britt Elise Skram imponerte stort på fele og gav driv i låtane. Ho kunne sitt instrument som ho hadde spela frå ho var ti år gamal. Vangsgutane har turnert i 29 år til no, men utrora blir kortare no enn før, fortalde dei. Før vart det reiser over det heile land, men dei siste åra har det blitt mest lokale spelejobbar, mykje i Ålesund og Molde. På Ljøen var dei for fyrste gong, ein utruleg flott stad å vere i slikt ver og slik natur, sa Terje Bystøl Hansen som spelar slagverk i gruppa.

Meir enn venta

Etter to timar var konserten slutt. Mange drog, men tilbake stod ein engelskmann som var storleg imponert over det han hadde fått opplevd denne kvelden. –Veret var flott, naturen og utsynet mot fjordar og fjell likeeins. Han hadde høyrt at det var lokale amatørar som skulle spele frå scena og forventa ikkje alle verda. Så fekk han oppleve dette, musikarar som spela nesten betre enn dei heime på hans lokale pub.

Han vart for sein på bussen tilbake til Hellesylt, men fekk nok skyss etter kvart.

Bente Bonsaksen og Ole Hjalmar Bonsaksen var svært godt nøgde med arrangementet. Til høgre Jakob Årseth frå Geiranger Bryggeri.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380