LokalsportNotiser

Skåra med gutelaget

Hanne Kjellstad t.v. skåra sitt tredje mål for sesongen for Sunnylven G14 tysdag. Dei tre andre lagveninnene på gutelaget er vidare Sofie Kvamme Knutsen, Renate Øksvang og Maren Frøysa Os.

Hanne Kjellstad held fram med å dundre inn mål for Sunnylven sitt G14-lag. Tysdag vart det ein ny nettsusar mot Hasundgot/Haddal 1 på Hellesylt stadion.

Og det vart fleire ballar som susa forbi gjestelaget sin burvaktar. Det stod 1-0 ved pause for det gode G 14-laget til Sunnylven, men til slutt var sigeren 5-0.

I tillegg til Hanne Kjellstad skåra Thomas Hole og Even Norangshol (2). Eitt mål var sjølvmål av gjestane.

Etter åtte kampar leiar Sunnylven G14 på tabellen med 21 poeng, føre Spjelkavik. Og nettopp Spjelkavik er neste motstandar tysdag 17. juni, einaste laget som har vunne over Sunnylven i årets serie.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380