Lokalnytt

Skal byggje ut høghastigheits breiband

Moderniseringsdirektør i Telenor Arne Quist Christensen og ordførar Jan Ove Tryggestad med signert avtale om breibandutbygging. Bak frå venstre rådmann Åse Elin Hole, regionsjef John-Niklas Handberg, næringssjef Inge Bjørdal og IKT-leiar Gunnar Fivelstad.

Stranda kommune har signert kontrakt med Telenor om utbygging av høghastigheits breiband i Sunnylven.

 

Pressemelding: Stranda kommune

Fredag 12. juli signerte Stranda kommune avtale om utbygging av høghastigheits breiband i delar av kommunen som ikkje har dekning i dag. Dette gjeld dei områda der ein fekk statleg støtte til utbygging i 2018: Nibbedalen, Langedalen og Røyrhus, Sunnylvsbygda. Hellesylt sentrum og byggefelt vert også utbygd.

Dei to representantane frå Telenor som møtte Stranda kommune for underskriving av avtale var:John-Niklas Handberg (regionsjef) og Arne Quist Christensen (moderniseringsdirektør)

Under møtet vart det også teke opp spørsmål om andre område som manglar dekning (øvre del av Geiranger, Dalsnibba, deler av Stranda-dalen og Liabygda).

Ambisjonen er å få eit ferdig utbygd nett i 2019, men det er nok meir realistisk å ta utgangpunkt i sommaren 2020. Telenor vil halde orienteringsmøte i bygdelaga der dei vil gå meir i detalj om prosjektet (framdrift, ansvar/roller, eigeninnsats m.m.).

Avtalen tek atterhald om politisk godkjenning dersom vi ikkje kan gjere bruk av investeringsmidlar.

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380