Lokalnytt

Tom Cruise landa og møtte fanskaren

Ein smilande Tom Cruise møtte ein stor fanskare etter landing i fallskjerm på Helset søndag.

Om det er for filming, trening eller berre moro kjenner vi ikkje til, men Tom Cruise gjennomførte også denne helga fleire hopp frå helikopter.

Foto: Gunnar Fivelstad

Etter ferdig hopping søndag møtte han igjen den trufaste fanskaren sin ved elva på Hauge i Sunnylvsbygda der han også svara på spørsmål frå dei frammøtte.

På spørsmål om det vart meir hopping måndag (i dag 28/9) svarte Cruise at det kom an på veret. Uansett om det vart fallskjermhopping, motorsykkelkøyring eller anna så var dei klare til å utnytte alt det Norge hadde å by på. Han elska landet, og han lika matgåva han hadde fått frå den lokale kjøttvarebedrifta, sa han.

Det har vore artiklar i media dei siste dagane om at Cruise skulle ha skada foten sin i zip-line på Åndalsnes. På direkte spørsmål om dette svarte han at foten var heilt i orden og han følte seg både frisk og rask.

Det var tydeleg at superstjerna var i godt humør og han takka for den gjestfriheita han hadde møtt her på Hellesylt.

Med sin blå fallskjerm gjorde Hollywood-stjerna fleire hopp frå helikopter også søndag.

Monterer ned.

Dei siste dagane har det vore stor helikoptertrafikk mellom Helsetkopen og Hellesylt. Alle installasjonar blir no rigga ned og transportert tilbake til lagerplass på Hellesylt. Filminga i Hellesylt og Sunnylven går mot slutten, bygda vil snart vere tilbake til kvardagen og stillheita, diverre.

Tom Cruise.

Tom Cruise takka for den gjestfriheita han hadde møtt her på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380