Author: Fredrik Stadheim

Øvingshelg for skulekorps

Komande laurdag og søndag er det øvingshelg for skulekorpsa på Stranda og i Sunnylven. Samlingsstad er Sunnylven samfunnshus der korpsa avrundar helga med minikonser på søndag.

Hellesyltfossen prydar kalender

Hellesyltfossen i flaumljos prydar årskalenderen frå emballasjebedrifta Peterson i Sykkylven. Kalenderen har gått ut til kundar over heile Norge i fleire tusen eksemplar.

Arbeidet med ny brannstasjon i gong

Like over nyttår starta arbeidet med utsprenging av tomt for den nye brannstasjonen på Hellesylt. Går alt etter planen står den innflytningsklar i Ringdalsåsane til sommaren.

”Den gyldne spaserstokk”

Under pensjonistfesten på Sunnylven kyrkjelydshus var det utdeling av merker for ”Den gyldne spaserstokk” i Sunnylven. Trimarrangementet er eit samarbeid mellom Sunnylven sanitetslag og Sparebanken Møre.

Triveleg pensjonistfest.

Søndag var det pensjonistfest på Sunnylven kyrkjelydshus med sanitetslaget som vertskap. Nær 40 personar møtte fram.

Kaldt i Sunnylven

Kvikksølvet har krype lavt på målarar over heile landet, også i Sunnylven det siste døgnet. Ved Tronstad vart det målt 30.0 grader.

Hjort som næring

Næringsavdelinga i Stranda og Hellesylt Vekst inviterer til fagkveld om hjort tysdag 12. januar kl. 19.30 Møtet som blir halde på Hægstad Gård er ope for alle.

Bilete frå året 2009.

No når 2009 går mot slutten, har vi sett saman nokre bilete frå store og små hendingar som hellesylt.no har omtala. Sjå her: Artikkel ikkje datosett.