Author: Lars Fivelstad

Opna imponerande verdsarvutstilling

Interesserte bygdefolk og tilreisande fylte kafeteriaen på Peer Gynt-senteret ved opninga av den nye verdsarvutstillinga i bygget. – Dette er ein gledens dag, og så stort at eg treng jukselapp, sa styreformann Dag Stadheim då han ønskte velkomen. Musikkgruppa «Fossedur» følgde opp med songen «Har du fyr», med...

Fylkesveg 60 sperra eit par timar

To vogntog frå kvar si retning hamna i grøfta øvst i stigninga opp frå Helgesvingen på fylkesveg 60. Det vart rekvirert bergingsbil frå Stryn, og i 18-tida, etter om lag to timar,  kunne endeleg dei fyrste bilane sleppast gjennom. Nokre personbilar hadde i mellomtida nytta seg av ei...

Sogelaget med innhaldsrik kulturkveld

Stranda Sogelag har no 423 medlemmar. Tysdag kveld samla heile 130 personar seg til laget sin kulturkveld på kulturhuset, og dei fekk servert eit variert, interessant og innhaldsrikt program

Olsokstemne i fullsett løe

Venneforeninga for Hellesylt bygdetun skipa fredag til olsokstemne for nittande året på rad. Stemnet vart ein suksess, og med ny publikumsrekord. Heile 65 personar var sessa i løa i bygdetunet då leiaren i venneforeninga, Odd Jostein Bjørdal ønskte velkomen og presenterte programmet for kvelden.

Rås-vandring til Kurlå

Arne Ringdal har år om anna halde svært populære gatevandringar i sentrum under Hellesyltdagane. Laurdag hadde han lagt opp til det vi får kalle ei rås-vandring, frå Shell-kaia og ut til Kurlå. Han fekk fylgje av mest 50 lydhøyre og interesserte tilhøyrarar. Vandringa starta der det gamle tankanlegget...

Skepsis til samanslåing med Sykkylven

På folkemøtet i Sunnylven kom det fram ein god del skepsis til at akkurat Stranda og Sykkylven skulle utgjere den framtidige kommunen. Sterkast målbar kanskje Svein Sporstøl denne skepsisen då han spurde korleis det ville bli oppfatta om det no kom aksjonar frå Geiranger og Sunnylven for ei ...