Category: Lokalnytt

Julegilde i bygdekvinnelaget

Sunnylven bygdekvinnelag baud inn til sitt årlege julebord på Tronstad grendahus sist fredag kveld. Tette snøbyger frå nordvest stoppa ikkje festglade medlemer som visste at det beste av julemat kom på bordet den kvelden.

Inviterer til bygging av pepperkakehus

Arrangør av Sunnylven skulekorps sin juletombola håper mange vil ta utfordringa og delta i konkurransen om å bygge sitt eige pepperkakehus. Pepperkakebygga skal stillast ut og dei tre flottaste blir premierte.

Feira edelt metall med kake

Ole Ringdal A/S henta også denne gongen heim mykje edelt metall og synleg bevis på produkt i toppklasse frå NM i kåring av kjøttprodukt 2008. Nyleg feira leiinga og dei tilsette topplasseringane med marsipankaker og kaffi.

Store skader på Ljøkaia

Ljøkaia er skada av sjø og bølger. Snarlege utbetringar må til om ein vil bevare ein viktig del av samferdselsåra Den Trondhjemske Postveg, og ei båtstø for livet langs Storfjorden.

”Verkstedet” har fått nytt tak.

Det nye taket på ungdomsklubben ”Verkstedet” sine lokale i Hellesylt er på plass. Snart startar arbeidet med å ruste opp lokala inne i den to etasje store bygninga.

Fostrar fram ny årgang lakseyngel

  Det har blitt mange våte og kalde dagar ved lakseklekkeriet i Husøyna også denne hausten for Arne Korsbrekke. No er rogn og mjølke til 100.000 yngel er på plass i oppdrettskara. Nye storlaksar er sikra og vil finne vegen til Korsbrekkeelva i åra som kjem. Det trur...

Sølv og bronse til Ole Ringdal a/s

Det vart sølv og bronse til Ole Ringdal a/s frå Hellesylt under NM i kåring av kjøttprodukter. Assisterande dagleg leiar, Ole Arnstein Ringdal var fornøgd med resultatet frå ein knallhard konkurransen.

Stabilt elevtal

Det har gått tre månader av eit nytt skuleår, men aldri for seint å presentere nye elevar. Ved Sunnylven skule gjekk ti ut etter siste skuleår, og ti nye tok til i fyrste klasse.

Elevarbeida imponerte

Sunnylven skule avslutta grunnskuleveka med program og utstilling av flotte elevarbeida. Det vart både rosande omtale og mykje besøk i kasseromma og under programdelen.

Rekordoppslutnad om fjelltrimmen 2008

Friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL har talt opp alle registreringar på dei 23 trimpostane som laget legg ut kvart år. Antall noterte trimtreff er det beste noko år. Totalt har det blitt 7756 vitjingar på dei 23 postane. Her er lista, ikkje rangert: 1. Sendaren Ringdal 648 2. Stegholen...