Category: Lokalnytt

Hjørnesteinsbedrift vil utvide.

Ole Ringdal A/S håper å kome i gang med byggearbeid for utviding av bedrifta neste år. Det sa assisterande dagleg leiar, Ole Arnstein Ringdal på  Bygdemobiliserings-møtet på Peer Gynt Galleriet onsdag.

Godt frammøte til Bygdemobilisering

Nyleg vart fjerde samlinga i møteserien om Bygdemobilisering i Sunnylven halde. Lokale og tilreisande personar sytte for informasjon om mange  aktuelle emne til mellom 40 og 50 personar på Peer Gynt Galleriet.

Steller kulturlandskapet

Det er slutt på mjølking av geit på Vesterås i Geiranger, fortalde Per Westerås på bygdemøtet på Hellesylt onsdag. Landbrukspolitikken har ikkje invitert til drift på slike brattlendte bruk, meinte han. I staden har det blitt turisme med turisthytter og låven som restaurant. Garden Vesterås i Geiranger har...

Pyntar til våren

Tysdag denne veka hadde elevar ved Sunnylven skule ryddeaksjon ute, både kring skulen og i Hellesylt sentrum. -Vi vil ha det ryddig og reint,- sa  tre jenter vi møtte.

Ryddar rås til Svarthammaren

Ein ny tursti til Svarthammaren blir klar til bruk i løpet av mai. Det blir tredje merka tilkomst til det flotte utsiktspunktet i lia ovanfor  Hellesylt sentrum.

Interessant fotoutstilling

Mange var innom Sunnylven bygdekvinnelag sin Kafe Snurrepiperier laurdag 8. mars, både for å slå av ein prat over ein kopp kaffi, og ikkje minst sjå ei interessant fotoutstilling frå eldre tid.

Slåttemusikk og folkedans

Britt Pernille Frøholm har gjort folkemusikk og slåttar til sitt ykre. På den fyrste plata ho gav ut er med 19 slåttar frå Hornindal og Kjellstad  i Sunnylven. Smakebitar frå CD’en fekk mange frammøtte på Sunnylven samfunnshus høyre sist søndag.

Konsesjon til kraftverk i Sunnylven

Norges Vassdrags-og energidirektorat har gjeve konsesjon til to kraftprosjekt i Sunnylven, Litlebø kraftverk og Ringdal kraftverk. Sætreelva  kraftverk fekk avslag mellom anna på grunna av det særprega fosselandskapet til elva.

Meisterverk frå norrøn mytologi

Treskjerar Oddvin Parr har gjort ferdig eit nytt, unikt trerelieff. Yggdrasil er arbeidstittelen på det siste meisterverk i lindetre som snart skal forlate verkstaden til Hellesylt sin kjende kunstnar.

”Den gylne spaserstokk” i Sunnylven.

Under pensjonistfesten på Hellesylt søndag, var det premiering av deltakarane i ”Den gylne spaserstokk” i Sunnylven. Turtrimmen er eit samarbeid mellom Sparebanken Møre og Sunnylven sanitetslag.

Sunnylven har fått breiband

Sunnylven har no fått full dekning på breiband. Utbygginga som selskapet Direct Connect har stått for, er basert på radiosignal. Alle hovedsendarane er på plass og montering av antenner til abbonentane er i gang.