Category: Lokalsport

Premiefest skiskyting

Skiskyttergruppa inviterer til premiering for renn i vinter og klubbmeisterskapen i 2009. Premiefesten blir halden på Sunnylven samfunnshus tysdag 11. mai kl. 19.00.

Tapte på Hellesylt grus

Sunnylven sitt 5. div.- lag tapte generalprøva før seriestart med 1-3 mot Hornindal på Hellesylt grus andre påskedag. Gjestane leia 3-0 til pause. Kenneth-Andre Hole reduserte halvvegs i andre omgang.

Preparerte løyper

Sunnylven IL har køyrt opp turløyper i området ved hyttefeltet i Kjellstadli mot Kjellstaddalen og forbi Seljehaugen. Også over Terdalsmyrane og mot Terdalen er det preparerte løyper, melder skigruppa. 02.04.2010 08:54:37

Nye løyper for skifolket

Både turløparar og ”ræsarar” har fått eit nytt tilbod av skigruppa i Sunnylven IL. Fleire kilometer med preparerte skispor er køyrde opp i Kjellstadlia på solsida.

Det meste uklart i 5. divisjon.

I 2008 vedtok kretstinget i Sunnmøre Fotballkrets at 5. divisjon skulle bestå av tre avdelingar der vinnarane rykte opp til 4. divisjon. No har ordninga ført til sterke reaksjonar framfor årets sesong

Stadionopning med snorklipping

Sunnylven IL sitt nye skiskyttaranlegg i Hyttehola vart offisielt opna med snorklipping og med avvikling av siste kretsrenn. Vel 100 utøvarar frå Sunnylven IL og klubbar i Sogn og Fjordane deltok.

Skiskyttaranlegg offisielt opna

Litt småpuss med mellom anna tilsåing med grasfrø her og der, og anlegget vil bli godkjent for utbetaling av dei siste spelemiddlane.- Det sa leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland då han ønska løparar, leiarar og eit stort antall publikum vel møtt til opningsseremoni i Hyttehola laurdag.