Category: Notiser

Dugnad i Sunnylven barnehage

For rundt to veker sidan var det dugnad i Sunnylven barnehage. Gjennom hellesylt.info fortel styrar Bodil Tronstad Lie om arbeidet og takkar foreldra så mykje.

Norangsdalen open for trafikk

Vegen gjennom Norangsdalen, Fv 655 er søndag 24. mars open for trafikk igjen frå kl. 11.00 etter at den vart stengt dagen før på grunn av skredfare. For spørsmål, kontakt Vegtrafikksentralen på tlf. 175.  

Problem med Web-kamera

Nettstaden hellesylt.info er kopla opp til Sunnmørsposten sitt Web-kamera på Hellesylt. Tekniske problem gjer at det er ute av drift.

Den fyrste svana

Kvar vår får Helsetvatnet i Sunnylvsbygda besøk av svaner som er på trekk. No er den fyrste koma, men fleire kjem nok etter kvart, både vaksne og gråfarga ungfuglar.