Category: Notiser

Best frå fylket

Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL er Møre og Romsdal sin beste juniorløpar i langrenn. På Savalen opna ho fyrste dag med 19. plass i 5.0 km. klassisk.

Skaut til «Diamant»

Trym Helset har hatt ein flott sesong som skiskyttar i Sunnylven IL. Det har gått fort i løypa og den svarte rundingen i blinken har fått kulesår stadig vekk. Spesielt god skyting viste Trym under renn på Stårheim nyleg. Fyrste dag vart det ni av ti treff og...

Varslar vegstenging på SMS.

Fylkesveg 655 gjennom Norangsdalen er av dei mest skredutsette vegane og blir stengt ved skredfare eller skred. No startar Statens Vegvesen med SMS-varslinga når vegen kan bli/blir stengt.

Den staselege geitebukken

Det er over 60 år sidan denne dyrehistoria vart eit varig minne. Ein stor geitebukk var komen heim frå gode sommardagar og velsmakande fjellgras i Rindane ved innløpet til Geirangerfjorden. No vart han tjora på ho-beite like ved fjøset på heimegarden.

Fekk sine biblar

Under gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag fekk elevar i 4. klasse ved Sunnylven skule utdelt sine biblar frå kyrkja.

Ein kaffiprat for tjue år sidan

For 20 år sidan var vi på innsteg hos Oskar og Ingeborg i Husøyna. Her er litt frå kaffipraten vår. Oskar Korsbrekke var bonde i Husøyna på Korsbrekke heile sitt liv. Før jul for om lag 20 år sidan fekk vi kome på innsteg hos han og kona...