Category: Notiser

Meny-butikkar kjøper Ringdal-varer

Kjøtvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt kaprar stadig nye markeder. Etter toppresultat i VG sin blindtest på fårikålkjøtt fredag har bedrifta feira med å inngå leveranseavtalar til 20 Meny-butikkar i Oslo.

Har anka avslag

Etter flaumskadar i Holedalen i 2014 søkte Holedalen Fallrettslag Sa Statens naturskadefond om erstatning. Søknaden fekk avslag. Avgjerda vart anka av Fallrettslaget og 25. november møtest partane til hovudforhandlingar på Sunnylven samfunnshus. Det er avsett ein dag til saka.

Siste offisielle opningsdag

Trio Avec besøkte Peer Gynt Galleriet laurdag kveld som var siste offisielle opningsdag denne sesongen. Wibeke Oshaug, Leiv Prestvik og Olav Elling Gausdal laga flott stemning med sine viser og dansemusikk. Berre 40 betalande kom for å høyre på.

22 gjekk til Shell

Sunnylven sanitetslag og Sunnylven IL trim sin trimtur torsdag frå Hellesylt sentrum til Shell-kaia og tilbake samla 22 unge og eldre i alder 3 til 82 år. Etter turslutt fekk deltakarane frukt og drikke, spandert av arrangørane.

Eit par briller.

På vegen like ved Sunnylven IL sin trimpost ved Shell på Korsbrekke er det funne eit par briller, truleg pluss 1.5 – 2.0. Brillene heng på trimkassa.

Seriekamp 3. div. kvinner

Stranda/Sunnylven møter Aksla/Fortuna i seriekamp 3. div. kvinner på Hellesylt stadion onsdag 23. september. Kampstart er kl. 19.00 Aksla/Fortuna ligg på 2. plass, Stranda /Sunnylven har 4. plass på tabellen.

Tid i mål Oslo maraton

Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL kom i mål på 3.36.37 i sin fyrste heile Oslo maraton. Det gav 3. plass i kvinner K 45 – 49, eller nr. 60 totalt uansett klasse.  

På rulleski Trollstigen Opp

Kristine Hjellbakk Hole og Inger Ringdal Sæter, begge Sunnylven – ski deltok i rulleskirennet Trollstigen Opp 2015 søndag 20. september. Kristine var nr. 2. i klasse 14 år, Inger fekk 4. plass i klasse 16 år.  

Røystestader i Stranda kommune

Det er fire røystestader i Stranda kommune ved kommunestyre –og fylkestingsvalet 14. september 2015. Liabygda –Ungdomshuset kl. 12.00 – 18.00 Ringstad – Storfjord kulturhus kl. 09.00 – 20.00 Hellesylt – Sunnylven samfunnshus kl. 09.00 – 18.00 Maråk – Geiranger skule kl. 09.00 – 15.00