Category: Notiser

Heidra av Forsvaret

Jon J. Tryggestad feira nyleg 90 år. I tillegg til både gåver og blomar vart han overrakt to spesielle æresbevis, nemleg heidersmedaljer frå Forsvaret.

Vann Trollstigen opp

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL vann si klasse i rulleskirennet Trollstigen opp som var sesongens fyrste konkurranse i Sparebanken Møre Cup.

Tryggestad på tredje plass

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp) er av nominasjonskomiteen sett opp på tredje plass på Senterpartiet si fylkestingsliste ved kommune –og fylkestingsval i 2019. Tryggestad er medlem av fylkestinget også i inneverande periode. Her er forslaget frå nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal Senterparti. Kristin Marie Sørheim, Tingvoll...

Kvilarbenken

Fredrik tok turen over Steimsnibba laurdag. På nedturen frå Torskedalssætra til Karbø vart det ein liten rast på kvilarbenken, mest for fotografen.

Gamalt bilete frå fjelltopp

Frå Svein O. Hauge har vi fått dette biletet som han trur er teke på ein fjelltopp nær Hellesylt kring 1930 – 40. Kjenner nokon igjen stad og folk på biletet? I tilfelle så send til post@hellesylt.info og vi formidlar vidare.