Om Hellesylt

Hellesylt A-1024x683

Fakta om Sunnylven og Hellesylt

Hellesylt er bygdesenteret i Sunnylven, eitt av fire bygdelag i Stranda kommune. Tettstaden Hellesylt ligg innarst i Storfjorden på Sunnmøre, omkransa av grøne lier og høge fjell.

Folketalet i Sunnylven har minka dei siste åra. Kring 2010 var om lag 640 personar busett her fordelt på 240 husstandar.
Bygda ligg som inngangsport til Verdsarvområdet og Geirangerfjorden har ei rekkje opplevingar og attraksjonar som reisande kjem for å oppleve. Mange historier om kongelege og andre kjende personar på besøk er blitt til her. Hellesylt har vore ein av dei mest kjente turiststadane på Sunnmøre heilt tilbake til slutten av 1800-talet. I 2012 fekk Hellesylt cruisekai der over hundre cruiseskip kvar sommar legg til med turistar som køyrer turen «over land».
Hovudnæringa i Sunnylven er landbruk med kring 50 gardsbruk med driv aktivt innan husdyrproduksjon. Næringslivet elles består av handel og service, og bedrifter som Formvac AS, og HT Bygg AS. Hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt er Ole Ringdal AS som driv slakteri og vidareforedling av kjøtprodukt.
Turistbygda har fleire fritidstilbod som fotball, friidrett/trimgruppe, aktivt skimiljø, teatergruppe, ungdomsklubb, 4H, sanitetsforeining, bygdekvinnelag, bondelag mfl.