Presenterer plan for hyttefelt i Åsen

Arbeidet med reguleringsplan for hyttefelt i Åsen er godt i gong. På eit ope folkemøte fyrstkomande måndag vil skisser med konsekvensanalyser for området bli presentert. Det blir også høve til å stille spørsmål og kommentere planane.

Lions hjelper Litauen

Lions Club, Hellesylt førebur naudhjelp til Litauen. I samarbeid med Lions Club, Stryn skal ein trailer etter planen ta turen 25 mai med innsamla varer.

Kaffi og song på omsorgssenteret

  Pensjonærane ved Sunnylven omsorgssenter fekk ei triveleg samling i storstova torsdag. Då varta Sunnylven sanitetslag opp med kaker og kaffi, og ungdomskoret Joyful underheldt med song.

Godt år for TINE Vest

Styremedlem Borghild Reenskaug i TINE Meieriet Vest hadde med både godt årsresultat og utmerkingar for god produsentmjølk til årssamlinga i Sunnylven og Stranda produsentlag. Tor Lie, Stranda vart vald til ny leiar i laget, etter Oddvar Tynes, Sunnylven.

Fekk bankgåve

Under pensjonistfesten på Hellesylt søndag, vart Sunnylven sanitetslag overrakt 10.000.- kroner frå Sparebanken Møre. Ei gåve som kom svært overraskande på leiinga i det driftige sanitetslaget.

Inviterte til pensjonistfest

  Storsalen i Sunnylven kyrkjelydshus var rydda og pynta då sanitetslaget i samarbeid med Sunnylven pensjonistlag inviterte til den årlege pensjonistfesten søndag.

Skigruppa håper på tilskot

Sunnylven Idrottslag tek kostnaden, og friviljuge mannskap står for oppkøyring av tur- og langrennsløyper i Sunnylven. For å halde fram med godt preparerte løyper håper laget på økonomisk støtte frå mange.

Sunnylven IL manglar framleis leiar

Sunnylven IL har halde avsluttande årsmøte for 2010. Viktigaste saka var val av medlemer til hovedstyret, leiar, nestleiar og sekretær, men framleis står dei tre styreverva ledige.