Med fjøset fullt av kunst

Sidan august i fjor har Martin Janssen på Helset dreia og forma trevirke til både bruksting og pynt. Dyra på garden er borte, så no er fjøset verkstad fullt av treemner og redskap.

Lions Club Hellesylt ynskjer fornyelse.

Lions Club, Hellesylt inviterte til informasjonsmøte sist torsdag. Her var også distriktsguvernør Ole Traasdahl frå Lions Club, Dombås til stades og fortalde om prosjekt som organisasjonen driv rundt om i andre land.

Årsmøte i Bygdetunets Venner

Stiftinga Bygdetunets Venner har halde årsmøte der 16 medlemar var til stades. Styreleiar Karl Johan Øie refererte årsmelding og rekneskap for 2008 som vart samrøystes vedteke.

TINE auka omsetninga

TINE auka omsetninga med 11.7 % i fjor. Det kom fram på årssamlinga i Stranda og Sunnylven produsentlag måndag. Der fekk også dyktige mjølkeprodusentar heidersbevis for godt mjølkestell.

Storslagen jubileumsopning

Sunnivakoret gjesta Hellesylt med konsert i Sunnylven kyrkje søndag 8. mars. Det vart ei stor og verdig opning av mange kulturarrangement i høve 150-års jubileet for kyrkja.

Øvingshelg for Skulekorps

Gjennom heile helga har skulekorpsa i Sunnylven og på Stranda øvd tonar og samspel under leiing av dirigent Trond Otto Berg. Søndag var det minikonsert for slekt og vener.

Godt år for TINE Meieriet Vest

TINE Meieriet Vest har gjort opp rekneskapen for 2008 med 12.4 mill. i overskot. Høg produksjon med god kvalitet på råstoff og produkt har gjeve god salsutvikling i heile TINE-selskapet.

Oppstart i Helgesvingen i april

Under synfaring i februar viste heile 22 firma interesse for arbeidet med utbetring av Helgesvingen og rv. 60 Ljøvegen forbi Hellesylt vandrerhjem. Torsdag var det tilbudsåpning.

Bygdedugnad får pengar og skryt

I 2007 fekk tre lag på Hellesylt tildelt 300.000,- i bygdeutviklingsmidlar for perioden 2007 til 2010. Årsrapporten viser stort engasjement og kreativitet også i 2008.