Foreslår flytting av ferjeleie

I framlegg til stadanalyse for Hellesylt forslår konsulentfirmaet Rambøll Norge a/s å flytte ferjeleie til området ved Hellesylt bilservice/Ole  Ringdal a/s. Oppstillingsplass er tenkt ved Sunnylven skule/samfunnshus.

Nye gründere kursa seg

Nyleg vart kurset ”Skal-skal ikke” halde på Hellesylt med 17 deltakara frå fleire stader på Sunnmøre. Mykje konkret informasjon om oppstart av  eiga bedrift kom fram, og som sikkert var nyttig for nye bedriftseigarar.

Vil lyse opp Hellesyltfossen

Om det går som tenkt skal Hellesyltfossen få monterast lyspunkt i berget. Eit pilotprosjekt som kan bli eit unikt skue på mørke vinterkveldar når is og vassmasser blir lyst opp.

Snart snøfritt til Stegholen.

Gode temperaturar har ført til stor snøsmelting dei siste dagane. Snart er den populære turvegen frå Vollset til Flofjellet snøfri til Stegholen.

Siste lokale skirenn

Under det siste lokale skirenn denne vinteren kjempa 109 deltakarar om tittlar og flotte premiar i Hyttehola søndag. Sunnylven IL stod for eit  perfekt arrangement med mykje publikum som skaper stemning langs løypa.

Skogrydding etter Postvegen

Postvegen få Ljøen til Ljøkaia er ei populær turrute for folk flest om sommaren. Stadig veksande vegitasjon har øydelagt mykje av den flotte  utsikta, men no er arbeid i gong med skogrydding. Ei ny og lite nytte strekning av Postvegen er leita fram.

Lagsmeisterskap avslutta sesongen

Sol og framleis godt med snø var det som møtte dei mange unge skiskyttarane då skiskyttargruppa i Sunnylven IL avslutta sesongen med  lagsmeisterskap i Hyttehola søndag 20. april. I tillegg gjorde to deltakarar unna sitt ”pliktløp” til Det Norske Skimerke.

Hjørnesteinsbedrift vil utvide.

Ole Ringdal A/S håper å kome i gang med byggearbeid for utviding av bedrifta neste år. Det sa assisterande dagleg leiar, Ole Arnstein Ringdal på  Bygdemobiliserings-møtet på Peer Gynt Galleriet onsdag.

Godt frammøte til Bygdemobilisering

Nyleg vart fjerde samlinga i møteserien om Bygdemobilisering i Sunnylven halde. Lokale og tilreisande personar sytte for informasjon om mange  aktuelle emne til mellom 40 og 50 personar på Peer Gynt Galleriet.