”Den gylne spaserstokk” i Sunnylven.

doc_89_4

Under pensjonistfesten på Hellesylt søndag, var det premiering av deltakarane i ”Den gylne spaserstokk” i Sunnylven. Turtrimmen er eit samarbeid mellom Sparebanken Møre og Sunnylven sanitetslag.

I alt 27 eldre i Sunnylven hadde delteke i ”Den gylne sppaserstokk” i 2007. Deltakarane noterer sine spaserturar på eit skjema som blir levert inn ved slutten av året. Om turen var kort eller lang, var ikkje avgjerande for premieringa. Det viktigaste var å kome ut på tur, sa banksjef Stig Tryggestad som saman med sin ”assistent”, Liv Tone Tryggestad stod for utdeling av merker og spaserstokkar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380