Interessant fotoutstilling

Interessant fotoutstilling

Interessant fotoutstilling

Mange var innom Sunnylven bygdekvinnelag sin Kafe Snurrepiperier laurdag 8. mars, både for å slå av ein prat over ein kopp kaffi, og ikkje minst
sjå ei interessant fotoutstilling frå eldre tid.

Det har blitt tradisjon at Sunnylven bygdekvinnelag ein gong i året inviterer til Kafe Snurrepiperier med utstilling av eldre ting. Tidlegare har
laget presentert både gamle radioar og platespelarar, hushaldningsredskap av tre, eller vogger og barnevogner. I år var det gamle fotografi frå
Sunnylven av både dyr, bygningar, og folk i kvardag og feststas. Mange var innom Sunnylven samfunnshus, det var tydeleg ei tilstelling mange fann
verd å besøke. Også Stranda sogelag var til stades. Formann Johan Steffen Fivelstad og leiar i fotogruppa, Ståle Thunem fann mange nye bilete på
utstillinga som no blir avfotografert og teke vare på for ettertida.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380