Lokalsport

Skileik avslutta cupen.

Målgang i "dagens løype". Paul Tronstad noterer nummer og namn på deltakarane.
Målgang i «dagens løype». Paul Tronstad noterer nummer og namn på deltakarane.
Asbjørn Karbø i flott Bokløvstil.
Asbjørn Karbø i flott Bokløvstil.

Sunnylvscup på ski vart avslutta med skileik ved Tronstad grendahus søndag 9. mars. Der var nok av snø, og sjølv om ver og føre ikkje var av det 

beste, var steminga og deltakinga svært god.

Det har blitt tradisjon med avslutning av Sunnylvscupen ved Tronstad grendahus. Dagen starta med familiegudsteneste der mellom anna kring 100
frammøtte fekk høyre barnekoret Ariel delta med song. Etterpå var det skileik i bakkane mot Kjellstad, med spektakulære hopp både med ski og
snøbrett. Skigruppa inviterte også til runde i dagens løype som var passe lang og flat og såleis ikkje var alt for krevjande. Det vart mykje moro
utan alvor der dagens smurning og stoppeklokka var bytta ut med vafler, pølse med brø og saft servert av grendalaget.
Les alt om skicupen på http://www.sunnylven.no/default.aspx?id=31

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380