Lokalnytt

Godt frammøte til Bygdemobilisering

Aud L. Drågen og Stein Brubæk fekk begge gåver overrekt av leiar i Hellesylt Næringslag Inge Hole
Aud L. Drågen og Stein Brubæk fekk begge gåver overrekt av leiar i Hellesylt Næringslag Inge Hole

Nyleg vart fjerde samlinga i møteserien om Bygdemobilisering i Sunnylven halde. Lokale og tilreisande personar sytte for informasjon om mange 

aktuelle emne til mellom 40 og 50 personar på Peer Gynt Galleriet.

Næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørdal leia møtet. Han var imponert og godt nøgd med frammøtet også sist onsdag. Ein av dei lokale
innleiarane, Ole Arnstein Ringdal, kommenterte også frammøtet og kalla Sunnylven ”møtebygda”. -Her er det møter dagleg og 50 personar og meir
kjem kvar gong-, sa han i litt skjemt, men mange kjente seg nok igjen.

Grønt Reiseliv
Til Peer Gynt Galleriet var dei mange komne for å høre om fleire aktuelle emner. Fyrst ut var styreleiar for norsk seterkultur, Stein Brubæk som
snakka om Grønt Reiseliv. Sjølv driv han eit gardsbruk med ku og geit og foredlar og omset mykje av råvarene sjølv.

Skape marked
Matkultur og reiseliv kombinert med bondeyrket var ikkje noko venstrehandsarbeid. Landbruket må tenke samhandling og organisere seg, for å jobbe
fram og skape eit marked er ikkje alltid lett. Brubæk trudde at reisande i framtida ikkje kom til å vere dei som køyrer gjennom eit distrikt, men
folk som ville -lukte, smake, se, og røre ved-. Han trudde på at å skape tilbod, i samarbeid med lokale overnattingsbedrifter ville få reisande
til å stoppe lenger på ein stad. Hovedmålet i Grønt Reiseliv var å bygge ut, organisere og selge aktuelle områder som opplevelsar og
aktivitetsdestinasjon, sa Stein Brubæk.

Inn på tunet
Konsulent Aud D. Drågen ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal kom inn på bruk av garden som pedagogisk ressurs, krav og moglegheiter. -Inn på tunet-
har som mål å legge til rette slik at garden også kan brukast som arena for helse og utvikling.
Mykje skjer på ein gard frå tidleg morgon til kveld, så å gjere garden synleg og skape eit aktivt nettverk ville vere til nytte både for tilbydar
og kjøpar. Det kunne lagast opplegg til læring gjennom praktisk og sansefylte opplevingar, meiningsfylte og utan arbeidspress, sa Aud D. Drågen.

Avtalar
Inn på tunet kan brukast som alternativ skule, i psykiatri, av born og unge, demente, rus, avlasting, arbeidstrening, og som gardsbarnehage. For
den som leiger ut garden sin til slike formål var det viktig å lage gode avtalar med kjøpar, både angåande avtalt pris og kva som skjer om det
oppstår sjukdom.
Næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørgdal leia møtet. Han var imponert og godt nøgd med frammøtet også sist onsdag. Ein av dei lokale
innleiarane, Ole Arnstein Ringdal, kommenterte også frammøtet og kalla Sunnylven ”møtebygda”. -Her er det møter dagleg og 50 personar og meir
kjem kvar gong-, sa han i litt skjemt, men mange kjente seg nok igjen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380