Hjørnesteinsbedrift vil utvide.

Per Westerås t.v., Solveig Brøste Sletta og Ole Arnstein Ringdal orienterte om interessante saker på folkemøtet.

Per Westerås t.v., Solveig Brøste Sletta og Ole Arnstein Ringdal orienterte om interessante saker på folkemøtet.

Ole Ringdal A/S håper å kome i gang med byggearbeid for utviding av bedrifta neste år. Det sa assisterande dagleg leiar, Ole Arnstein Ringdal på 

Bygdemobiliserings-møtet på Peer Gynt Galleriet onsdag.

Utvidinga som Ringdal ikkje trudde fekk problem av byggestoppen langs Storfjorden då det er snakk om tilbygg, er planlagt i retning grusbana.
Det blir 17. utviding av det som har utvikla seg til ei hjørnesteinsbedrift på Hellesylt igjennom snart 75 år. For det var i 1934 at Ole Ringdal,
bestefar til assisterande dagleg leiar starta opp med kjøp og foredling av slakt.

Skaut kjøtmeis
Det starta på heimegarden på Ringdal der ein enno kan sjå spikrane i låveveggen der kjøtet vart hengt opp til tørk. Ungane på Ringdal var betalt
av slaktaren for å skyte kjøtmeis som ville prøvesmake på spekevarene, fortalde Ole Arnstein Ringdal.
Snart vart bedrifta flytta til sentrum ved Hellesyltfossen, og seinare til Øyrane der anlegget har vakse til 60 heiltids ansatte og med ei årleg
omsetning på 130 mill. kroner. I tillegg til slakteri blir det produsert ferskvarer, og spekemat til kundar over heile landet.

For lite av lam
Ole Arnstein Ringdal kom med mange idear om nye nisjer innan spekemat, og gjerne i samarbeid med bøndene. Å ta opp igjen den gamle måte å speke
kjøtet på slik bestefaren gjorde kunne vere aktuelt, og kva med ei Ringdals eller Hellesylt parmaskinke. Kva å kalle det Verdsarvmat,
Hellesyltfossen spekemat eller Hellesylt fenalår?, alt kreative tankar som han lufta for forsamlinga. Problemet i dag er at det er alt for lite
lam å få tak i, sa Ringdal, så no håpa han bøndene fekk eit godt landbruksoppgjør slik at dei ikkje slutta med sau.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380