Lagsmeisterskap avslutta sesongen

Flotte forhold på standplass i Hyttehola under lagsmeisterskapen.

Flotte forhold på standplass i Hyttehola under lagsmeisterskapen.

Sol og framleis godt med snø var det som møtte dei mange unge skiskyttarane då skiskyttargruppa i Sunnylven IL avslutta sesongen med 

lagsmeisterskap i Hyttehola søndag 20. april. I tillegg gjorde to deltakarar unna sitt ”pliktløp” til Det Norske Skimerke.

Heile 20 stilte til start i klubbmeisterskap i skiskyting. Det nye anlegget for sporten er under utbygging, og seks skiver med sjølanvisarar med
snortrekk var i bruk. Når stadion er ferdig til neste sesong, blir der totalt femten blinkar. -Då er anlegget stort nok til at vi også kan
arrangere kretsrenn her,- sa leiar i skiskyttargruppa Rune Tryggestad.
Lagsrennet viste at det gror godt mellom dei unge utøvarane i laget, og det var vist mykje god skyting. Dei svart blinkane vart som oftast kvite,
men etter eit par av seriane stod framleis fem svart blinkar igjen. Også i sporet gjekk det godt med dei fleste sjølv om forholda vart litt
blaute etter kvart på grunn av solvarmen.
-No er eg lei av ski for i vinter,- sa Asbjørn Kvam Karbø, ein av deltakarane. Han veit at Hellesylt stadion er grøn og klar for fotball, så
saman med juniorlaget til Sunnylven er han i gong med fotballtreningane. I morgon måndag spelar han og laget seriekamp borte mot Blindheim.
Sjå resultat på http://www.sunnylven.no/default.aspx?id=14021

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380