Pyntar til våren
Tysdag denne veka hadde elevar ved Sunnylven skule ryddeaksjon ute, både kring skulen og i Hellesylt sentrum. -Vi vil ha det ryddig og reint,- sa
tre jenter vi møtte.
I Gata på Hellesylt var tre av elevane i gang med plukking av rusk. Utstyrt med gummihanskar og bossekk samla Ida Katrin Brekke, Liv Tone
Tryggestad og Gro Mari K. Langleite inn både plastposar og godteripapir. Også trerusk og diverse metallgjenstander var å finne langs ruta dei
skulle gå gjennom gata. Andre elevar frå 8. 9. og 10 klasse hadde ei anna rode, om badestranda.
Og fint ville dei ha det alle stader. 5. 6. og 7. klasse hadde fått sitt oppdrag kring skulen med spyling og raking av lauv og anna rusk.
-No er våren komen, og til helga er det konfirmasjon. Snart er det 17. mai også og då er det kjekt når alt er ryddig og reint,- meinte Ida
Katrin, Liv Tone og Gro Mari.