Lokalsport

Siste lokale skirenn

Vinnarar i Sparebanken Møre Cup 2008.
Vinnarar i Sparebanken Møre Cup 2008.

Under det siste lokale skirenn denne vinteren kjempa 109 deltakarar om tittlar og flotte premiar i Hyttehola søndag. Sunnylven IL stod for eit 

perfekt arrangement med mykje publikum som skaper stemning langs løypa.

Rennet søndag 6. april var Vestlandsmeisterskap i klassisk sprint og avslutningsrenn i Sparebanken Møre Cup 2008. Deltakarlista talde 109
startande frå 11 år til senior. Dei fleste kom frå Møre og Romsdal, men der var også fleire frå Sogn og Fjordane som deltek i VM. Størst
deltaking i klassene G 15 og G 17. Sunnylven stilte med 11 løparar, mellom dei tre som sikra samanlagtsigeren i SBM-cup, Hans Kristian Hjellbakk
Hole (G15), Øyvind Hole (G16), og Anniken Hjellbakk Hole (J18).
Rennet i Hyttehola vart fullklaff, der var godt med snø, og løypemannskapet fekk mange lovord for jobben. Det vart gått prolog og deretter
finaler. Løypelengder varierte etter klasse, 600 m ., 800 m ., og 1100 m .
Sunnylven sikra seg VM-vinnarar ved Hans Kristian Hjellbakk Hole og Anniken Hjellbakk Hole, bronse til Øyvind Hole og Steffen Hole. Olav Erling
Aaland var nummer fire i G 16..
Det gode veret under meisterskapen resulterte også i godt med publikum som fekk oppleve ein spanande langrennskonkurranse. Sunnylven IL stod for
ei perfekt avslutning på ein lang og flott langrennsesong.
Sjå resultat frå VM her.
Strandafjellet: http://www.sunnylven.no/default.aspx?id=13921
Hyttehola: http://www.sunnylven.no/default.aspx?id=13930

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380