Skogrydding etter Postvegen

Ei ny strekning av Den Trondhjemske Postveg er rydda fram frå skulehuset på Ljøen og nedover.

Ei ny strekning av Den Trondhjemske Postveg er rydda fram frå skulehuset på Ljøen og nedover.

Postvegen få Ljøen til Ljøkaia er ei populær turrute for folk flest om sommaren. Stadig veksande vegitasjon har øydelagt mykje av den flotte 

utsikta, men no er arbeid i gong med skogrydding. Ei ny og lite nytte strekning av Postvegen er leita fram.

Det er Hellesylt Næringslag som har teke fatt i vedlikehald av Den Trondhjemske Postveg frå det gamle skulehuset på Ljøen og nedover til kaia. I
fyrste omgang blir det utført ein del ”nødsarbeid”, rydding av skog og renske opp i veggrøfter, fortel leiar i Næringslaget, Inge Hole. Det var
viktig å gjere noko slik at ikkje stadig veksande trerøter mellom anna sprengde ut og øydela dei flotte gråsteinsmurane som ein finn fleire
stader, seier han.
Han fortel at arbeidet er sett i gang i nært samarbeid med Verdsarvprosjektet og Katrine Blomvik, og det er gjeve tilsagn om økonomisk støtte frå
fleire. Til saman har laget kring 300.000 kroner til rådvelde. Etter kvart er det meininga å lage til utkiksplassar med benklar og
informasjonsskilt.
Han ser også eit stort behov for vedlikehald av kaia på Ljøen. Den er i ferd med å smuldre opp, så her må noko gjerast snart. Men dette vil koste
meir enn Næringslaget maktar å finansiere åleine. Kaia ligg innafor Verdsarvområdet, så i løpet av året blir det sett opp ein Unesco-plakett som
markerer dette.
Ljøkaia og naturen ikring er eit fantastisk flott område, slår Inge Hole fast.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380