Steller kulturlandskapet
Det er slutt på mjølking av geit på Vesterås i Geiranger, fortalde Per Westerås på bygdemøtet på Hellesylt onsdag. Landbrukspolitikken har ikkje
invitert til drift på slike brattlendte bruk, meinte han. I staden har det blitt turisme med turisthytter og låven som restaurant.
Garden Vesterås i Geiranger har storfelt utsikt til turistbygda og Verdsarvfjorden. Men når mulen til småfeet er borte, får kratt og småskog
rolege vekstvilkår. No er Per Westerås oppteken av å bevare kulturlandskapet på heimebøen. Kasjmirgeiter har vist seg å gjere ein god jobb,
fortalde den pensjonerte bonden.
Mykje dyr
Det vart eit engasjert og interessant innlegg frå Per Westerås på Bygdeutviklingsmøtet. Då han var 12 år måtte han ta over drifta av garden fordi
far hans var skral til beins og hadde vanskeleg for å gjere arbeidet på det brattlendte bruket. Ei tid vart det vinterfora 12 storfe og 100
småfe. – Men med åra og spesielt i det siste har landbrukspolitikken gått galne vegen, det oppdaga eg alt på 80-talet. Det skulle ikkje drivast
jordbruk på slike små og tungdrivne Vestlandsbruk, og vi slutta heilt med husdyr i 1995,- fortalde Westerås.
Attgroing
Det gjekk ikkje lang tid før det tok til å vekse opp kratt både på inn og utmark, og mykje meir enn ynskjeleg. Dei firbeinte landskapspleiarane
var borte, kven skulle gjere jobben no? Dei ville prøve med geiter igjen, ikkje for mjølk, men som ammegeiter som skulle produsere mjølk berre
for kjea sine. Det gjekk dårleg, dei mjølka meir enn kjea brukte og det vart jurbetennelse og dyrlegebesøk stadig vekk.
Store og små tre visnar
Så dukka rasen Kasjmirgeit opp, eit roleg dyr, lett å gjerde for og som mjølka langt mindre, men nok til å fø fram kjea sine. I tillegg til gras
likar kasjmirgeitene på Vesterås både lauv og bark. Dei gnagar små og store tre, både bjørk og andre lauvtresortar, og både utsikt og slåttemark
er tilnærma lik det den var i ”gamle dagar”, fortalde Per Westerås.