17. mai i Sunnylven.

17. mai 2007: Barneleikarringen underheld på omsorgsenteret.

17. mai 2007: Barneleikarringen underheld på omsorgsenteret.

 

17. mai 2007: Folketog med flaggborg på veg gjennom Hellesylt.

17. mai 2007: Folketog med flaggborg på veg gjennom Hellesylt.

Sunnylven idrottslaget er ansvarleg arrangør av 17. mai-feiringa i Sunnylven. Det blir tradisjonelt opplegg på dagtid, og om kvelden inviterer Hellesylt ungdomslag til underhaldning og dans på samfunnshuset.
Alle skal no ha fått programmet i postkassa si, seier Knut Dag Langeland, leiar i arrangørlaget. Etter flaggheising kl. 08.00 startar feiringa
med gudsteneste i Sunnylven kyrkje ved sokneprest Svein Runde.

Unge talarar.
Her medverkar Sunnylven skulekorps som blir aktive utover heile dagen, i folketoget og under samling på Sunnylven samfunnshus. Toget går om
omsorgssenteret og tilbake til samfunnshuset der det er utdeling av pølser og brus og ulike aktivitetar for born.
På folkefesten vert det musikalske innslag og allsong. Tale for dagen står elevar frå 10. klasse for. Det blir sal av rømmegraut og kaffi før
programmet. På omsorgsenteret dansar barneleikarringen i HUL for pensjonærane.
Alle servicebedrifter i Hellesylt har ope 17. mai.

Komedie og dans.
Om kvelden 17. mai inviterer Hellesylt ungdomslag til underhaldning og dans. Dette blir eit slutta lag der alle må melde seg på.
Stand Up-komikar Baste Bolstad frå Voss blir å sjå frå scena, og seinare på kvelden spelar ”Duo MjaO” opp til dans, fortel Marianne Fivelstad,
leiar i HUL. Dørene opnar kl. 20.00, stand up frå kl. 21.00 og dans ein time seinare. Ungdomslaget har sal av forfriskningar. Påmelding innan
fredag 16. mai til:
Marianne Fivelstad, tlf. 41689525.
Hanna Kristine Aaland, tlf: 91350698.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380