«Aasen Opplevelser a/s» leiger Peer Gynt Galleriet

Peer Gynt Galleriet skal drivast av "Aasen Opplevelser a/s", i fyrste omgang fram til 1. oktober.

Peer Gynt Galleriet skal drivast av «Aasen Opplevelser a/s», i fyrste omgang fram til 1. oktober.

Roar Aasen og Per Egil Aasen, som står bak aksjeselskapet ”Aasen opplevelser”, har inngått avtale med 62 Nord om leige av Peer Gynt Galleriet på
Hellesylt, i fyrste omgang fram til 1. oktober. Det blir ope måndag 2. pinsedag.
Roar Aasen fortel at han har søkt permisjon i tre månader frå stillinga som rektor ved Blindheim Ungdomsskole for å satse på turistverksemd, både
av Peer Gynt Galleriet og ved Aasen Gård i Åsen. – Vi satsar på å drifte begge deler, i Åsen blir det hovedsakleg overnatting og meir
naturbaserte opplevingar mellom anna i Cinclus Park si aktivitetsløype. Ved Peer Gynt Galleriet blir det servering for enkeltpersonar, grupper,
og andre arrangement. Går det bra, kan leigeavtalen forlengast ut over 1. oktober, – seier Roar Aasen.
Mangel på betjening gjer at ikkje blir ope før måndag 2. pinsedag, men seinare blir det ope 17. mai og i alle høve kvar helg fram til 21. juni.
Då blir det kunstutstilling og dagleg drift ved Peer Gynt Galleriet, der også turistinformasjonen skal halde hus i sommaren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380