Ferjeruter kom på plass.
Plakat for ferjeruter var noko av det mannskapet på ”Bolsøy” ordna ved kai på Hellesylt. Ein utvida sesong starta 1. mai og varer til 12.
oktober.
Hilde Aasen og Wiggo Aunevik er begge mannskap om bord i turistferja ”Bolsøy” i sommar. Hilde Aasen har ein sesong frå før på fjorden, Wiggo
Aunevik er her for fyrste gong. Dei gler seg begge og trur dei får oppleve mykje i sommar.
På Hellesylt ordna dei med plakat for ferjeruter som vart plassert like ved ferjeleie på kaia. Fyrste månaden blir ”Bolsøy” åleine på fjorden,
men frå 1. juni kjem også ”Veøy” inn i trafikken. Sesongen er utvida i år og varer til og med 12. oktober. Fergjeruter Hellesylt – Geiranger:
http://www.fjord1.no/mrf/default.asp?page=342#scroll