Lokalsport

Flott fotballhelg

Sunnylven sitt juniorlag i fotball får stå som representant for ei flott fotballhelg i klubben.
Sunnylven sitt juniorlag i fotball får stå som representant for ei flott fotballhelg i klubben.

Fotballen i Sunnylven IL har hevda seg flott denne helga. Dei tre 11-ar laga har alle vore i aksjon og henta heim poeng.

 

Herrer senior møtte Gursken/Larsnes laurdag i 4. divisjon. Kampen enda uavgjort 1-1, begge mål kom på straffespark.
Damer senior tok den lange turen til HaNo, og også dei spela uavgjort, 2-2. Ein sterk prestasjon mot eit av dei beste laga i 3. divisjon kvinner.
Søndag var det juniorkamp mellom Sunnylven og Brattvåg på Hellesylt stadion. Sunnylven sitt unge mannskap spela årsbeste i fyrste omgang, og
sende Brattvåg heim med årets fyrste serietap 5-4. Ein kjempebra kamp som synte at klubben har spelarar til eit godt a-lag også i åra som kjem.
Ei flott fotballhelg for Sunnylven med andre ord. Les meir om fotball og anna sport i klubben på http://www.sunnylven.no/

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380