Folkemøte om stadanalyse.

Framlegg til stadanalyse for Hellesylt blir presentert på folkemøte måndag.

Framlegg til stadanalyse for Hellesylt blir presentert på folkemøte måndag.

Måndag 26. mai blir det folkemøte der konsulentfirmaet Rambøll Norge a/s presenterer framlegg til stadanalyse for Hellesylt. Stadanalysa ligg no 

ute til høyring fram til 10. juni.
På oppdrag frå Stranda kommune og i samarbeid med ei ressursgruppe, har Trondheim-firmaet laga ei analyse i to fasar over det ein finn i
tettstaden Hellesylt, over verdiar i lokalsamfunnet det bør takast vare på, og ting som bør endrast.
Planleggar ved næringsavdelinga, Lisbeth Lervik har koordinert arbeidet med stadanalysa. Ho seier planen skal vere eit grunnlag for ein ny
reguleringsplan for Hellesylt, og at den kan gje innspel til vekst og utvikling. Liknande planar for Geiranger og Stranda har vist seg å ha
positiv effekt.

Høyringsfrist
Stadanalysa er lagt ut på høyring frå 21. mai til 10. juni. Forslaget kan ein lese på Stranda kommune si heimeside. Dokumenta er også lagt ut på
servicekontoret i Øynasenteret og Sparebanken Møre, Hellesylt.
Folkemøtet blir halde på kyrkjelydshuset, Hellesylt 26. mai kl. 19.30. Til stades på møtet blir Svein Rasmussen frå Rambøll Norge a/s, og
representantar frå Stranda kommune.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380