Lokalnytt

Foreslår flytting av ferjeleie

Hellesyltfossen, Hølen og strandlina til den nye ferjekaia ved Hydro/Ole Ringdal kan utviklast mykje ut frå stadanalysa.
Hellesyltfossen, Hølen og strandlina til den nye ferjekaia ved Hydro/Ole Ringdal kan utviklast mykje ut frå stadanalysa.

I framlegg til stadanalyse for Hellesylt forslår konsulentfirmaet Rambøll Norge a/s å flytte ferjeleie til området ved Hellesylt bilservice/Ole 

Ringdal a/s. Oppstillingsplass er tenkt ved Sunnylven skule/samfunnshus.
Det var godt frammøte på folkemøtet om stadanalyse for Hellesylt måndag kveld. Svein Rasmussen frå Rambøll Norge a/s la fram forslaget som hadde
mange tiltak for utbetringar i sentrum. Å gjere utbygging i samband med vatn hadde andre tettstader hatt suksess med, og Hellesylt låg godt til
rette for slike. Hellesyltfossen med Hølen i tillegg til fjorden kunne skape oppleving og trivsel med å bygge brygger og små serveringsstader og
salgsboder. Å legge ny ferjekai i området ved bensinstasjonen/Ole Ringdal var ei naturleg plassering, meinte Rasmussen, også på grunn av at
Hellesylt bro ikkje hadde stor nok kapasitet for trafikken.
Rasmussen hadde sett mykje flott eldre byggningsmasse i sentrum, men litt for mykje asfalt og skjemmande baksider på næringsbygg. Med heller små
tiltak kunne mykje av dette rettast på.
Det var ein omfattande plan som vart lagt fram. Mykje var nok visjonar, sa Rasmussen. Men om planen hadde blitt gjennomført ville Hellesylt ha
blitt ein attraktiv plass, meir enn til dømes Geiranger, sa han.
I kommentarane etter presentasjonen var mange opptekne av at ikkje djupvasskai var kome med. Fleire gav uttrykk over at dei var skuffa over det,
og lurte på om det var styrt, om nokon hadde tukla med planane. Plan og utviklingssjef Steinar Belsby svara avkreftande på antydningane, ingen
hadde tukla med planane.
-Utredninga av djupvasskai går sin gang, ein veit at det kjem motsegn frå fylkesmannen, men i kommunestyret 25. juni blir planane godkjent. Då er
det opp til Departementet om kaia blir bygd no eller seinare-, sa Belsby.
Flytting av ferjekaia var også fleire betenkt over, mest fordi området som var foreslege var grunt, men sjølve planen med trekaier og boder langs
elva i staden for steinfyllingar, fekk positiv tilslutning.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380