Lokalnytt

Med Bygdekvinnelaget på ”blåtur”.

Rundt 25 medlemer og andre har meldt seg på Sunnylven bygdekvinnelag sin dagstur ”i det blå”. Det er avreise med buss frå Hellesylt laurdag morgon.

Kvar ”blåturen” går er ukjent, for verken i søvne eller til godt formulerte spørsmål har nokon frå turleiinga gjeve avslørande svar. Det hellesylt.no veit er at om lag 25 påmelde legg i veg frå Hellesylt laurdag morgon og er tilbake same dag ca. kl. 18.00.
Her kjem meir i helga, både bilder og meir frå reisa og turmålet ”i det blå”.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380