Snart snøfritt til Stegholen.

Mykje vatn i elva, for snøen minkar også ved Stegholsvatnet.

Mykje vatn i elva, for snøen minkar også ved Stegholsvatnet.

Gode temperaturar har ført til stor snøsmelting dei siste dagane. Snart er den populære turvegen frå Vollset til Flofjellet snøfri til Stegholen.

Søndag 11. mai var det framleis litt is på Nedstevatnet og enno meir på Stegholsvatnet. Vegen fram til Nedstevassætra var nesten snøfri. Der var
det ikkje problem å gå tur, det gjorde eit ti-talls personar denne dagen. Vidare mot trimposten i Stegholen var det framleis ein halv meter med
blaut snø fleire stader etter vegen. Men ei veke til med gode temperaturar og Stegholen som gjev tre poeng kan besøkjast.
Trimgruppa i Sunnylven IL har bestemt to stader for trimtreff sommaren 2008. Den fyrste er Nedstevassætra 1. juni.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380