Sunnylven Vilt-og fiskelag utan leiar

Det hadde ikkje lukkast valnemnda å finne ny leiar til styret i Sunnylven Vilt-og-fiskelag. Men alle i styret fekk fornya tillit og fullmakt av 

årsmøtet å konstituere seg sjølve.
Årsmøtet på Tronstad grendahus samla få medlemer, berre ti utan om styret møtte. Årsmeldinga synte heller ikkje den store aktiviteten, men sal av
fiskekort hadde ein liten oppgang. Knappe 18.000,- kroner kom inn i 2007. Korta blir selde ved ei forretning i Hellesylt og ved kortautomatar
fleire stader lags vassdraga.

Inga endring
Sal av jaktkort i småviltjakta hadde nedgang, noko som skuldast dårleg ver siste haust, og lite fugl å jakte på, vart det sagt. Ut frå kortsalet
er det området Tronstad jaktarane har mest tru på, dernest Røyrhus og Ljøen.
Det vert ingen endring i kortprisar eller i antall dagskort i soner der det er innført begrensingar.
Laget hadde betalt ut skotpremie på 15 rev.

Leirduebana.
Sunnylven Vilt-og-fiskelag er eigar av leirduebana i Hyttehola. Det siste året har aktiviteten vore laber, og rekneskapen synte underskot for
bana. For å få opp treningsskytinga, vil laget prøve å vere meir fleksible med dagar og tider det kan skytast på. Det vart også diskutert om ein
burde starte planlegging av eit overbygg på standplass, noko som ville auke aktiviteten sjølv om veret var dårleg, vart det sagt.

Val
Styret i Sunnylven Vilt-og-fiskelag er: Olav G. Lade, John Langeland, Ståle Sæther, Dag Andre Hauge, Svein Magne Frøysadal.
Varamedlemer: Ivar Hauge, Astrid T. Dyrkorn, Gisle Aaland.
Valnemnd: Kjell Arne Dyrkorn, leiar, Sven Roger Alme, Nils Kåre Frøysa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380