Lokalnytt

”Verkstedet” fekk 200.000 i tilskot.

Ungdom på Hellesylt fram for "Verkstedet".
Ungdom på Hellesylt fram for «Verkstedet».

Etter søknad har Gjensidigefondet innvilga 200.000,- kroner i tilskot til opprusting av ”Verkstedet”, lokale for ungdomsklubben på Hellesylt som 

vart skipa i mars i fjor. Også Stranda kommune har gjeve tilsagn om økonomisk støtte til arbeidet.
Den gamle bilverkstaden på Hellesylt er tiltenkt som lokala til ungdomsklubb på Hellesylt, og ikkje uventa har klubben fått namnet ”Verkstedet”.
Huset har perfekt storleik, og har både ”sjel” og atmosfære, heiter det i søknaden til Gjensidigefondet. Men huset er langt frå inflytningsklar,
og treng totalrenovering til ein totalkostnad på kring 1.2 mill. kroner. Finansiering er sett opp med like deler på Stranda kommune, tilskot Møre
og Romsdal fylke, og støtte frå lag/organisasjonar, dugnadsarbeid og sponsorar.

Allsidig bruk
Huset har den siste tida blitt nytta som lager, men planar er klare for korleis det skal bli når lokala er ferdige. I fyrste høgda skal det vere
kafe og garderobe, i andre etasje musikkverkstad, diskotek, eller andre kreative aktivitetar. Også eit uteområde kan ryddast til bruk både sommar
og vinter.
Mykje av arbeidet er tenkt utført på dugnad av medlemar og foreldre, men også ein del må det leigast fagfolk til. Arbeidet med restaureringa er
planlagt ferdig i 2008, står det å lese i søknaden til Gjensidigefondet frå søkjaren Hellesylt ungdomslag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380