Eit nytt skuleår er omme

Øyvind Hole, Sondre Frøysa, Joakim Langlo Kaldhussæter, Olav Erling Aaland, Daniel Nybø Støverstein, Ingunn Runde, Linn Helene Brekke, Ingvild  Guro Hole, Henriette Fivelstad og Ingelin Storstein Hole

Øyvind Hole, Sondre Frøysa, Joakim Langlo Kaldhussæter, Olav Erling Aaland, Daniel Nybø Støverstein, Ingunn Runde, Linn Helene Brekke, Ingvild
Guro Hole, Henriette Fivelstad og Ingelin Storstein Hole

Fem jenter og fem gutar fekk utdelt sine avgangsvitnemål då Sunnylven skule hadde avslutningsfest 18. juni. Som vanleg var mange til stades og 

fekk severt både triveleg underhaldning, kaker, brus og kaffi.

Elevtalet ved Sunnylven skule det siste året har vore 79. Onsdag var alle saman med lærarar og nære slektningar samla til avslutningsfest i
”storstova” ved skulen.
Sunnylven skulekorps opna med friske tonar, mellom anna Hellesyltmarsjen av Helge Fivelstad. Andre programinnslag stod 8. og 9 klasse for, og
elevane i 3. og 4. klasse hadde dramatisert og framførte ”Den nye byen”, ei forteljing av Torbjørn Egner. Alle dei unge aktørane på scena fekk
mykje skryt for innslaga. Til slutt var det utdeling av vitnemål til ti elevar som no hadde gått ferdig skuleåra ved Sunnylven skule.
Ruth Hole Aaland i skuleleiinga opplyser at elevtalet ved Sunnylven skule held seg stabilt. Ti elevar gjekk ut i år, og ti kjem til. For 79
elevar og andre tilsette byrjar det neste skuleåret 20. august.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380