Lokalnytt

Feira under ny markise

doc_279_2

Pensjonærar og betjening på Sunnylven omsorgsenter har lenge ønska seg tak over uteplassen ved vinterhagen. Det ordna bedrifta Ole Ringdal a/s
som kom med 20.000,- kroner til stor markise.

Dermed vart det selskap med middag og kaffi ute på andre jonsokdag. På menyen til pensjonærane ved Sunnylven omsorgssenter stod karbonade, pølse,
pastasalat og potetstappe. Etterpå var det kaffi med kvæfjordkake og drømmeterte. Alle feira at ei ny stor markise var koma på plass over
uteområdet framfor vinterhagen. Her kunne det gode måltide inntakast utan å tenkje på veret.
-Å kunne sete ute i sommarleg temperatur er godt, men veret tillet ikkje alltid det. Vi hadde ønska oss ei skjerming over uteområdet, både for
sol og nedbør. Difor vart det ei utruleg flott gåve å få ei så stor markise frå Ole Ringdal a/s, seier vaktmeister Hassan El Mourabit.
Måltidet denne dagen var tilbereda på kjøkkenet, men no ynskjer betjeninga seg også ein utegrill, for under den store markisa kan det feirast
oftare, både i sol og regn.
Også området på andre sida mot sjøen ventar dei på skal bli ferdigstilt til bruk for pensjonærane. Planane er klare er det sagt så no står det på
handling frå ansvarlege. – Vi hadde håpa det skulle bli ferdig til i sommar, men det har drege ut, seier Astrid og Ingunn, to av dei tilsette.
Til så lenge får utelivet foregå på den andre sida, under markisa. Godt å ha rause gjevarar når andre kontoar ikkje strekk til.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380