Lokalnytt

Heldige trimmarar

doc_259_4
Daniel Sæther vann termos. Sara Sæther til høgre.
Håkon Kjellstad fekk ørret på kroken i Nedstevatnet
Håkon Kjellstad fekk ørret på kroken i Nedstevatnet

Daniel Sæther og Håkon Kjellstad var dei heldigaste trimmarane ved Nedstevatnet søndag.

Daniel Sæther er to år gamal og yngste trimmar søndag, og hadde gått på eigne bein dei ca. tre kilometer frå Vollset til setra. Håkon Kjellstad
er mange år eldre så han kom til treffstaden på sykkel.
Alle uansett alder vart registrert, og born opp til 16 år fekk kvar sin småpremie og var med i trekning av ein termos gjeven av Sparebanken Møre.
Den vart Daniel den heldige vinnar av.
Håkon hadde med fiskestonga si og prøvde nokre kast. Det gjekk ikkje lenge før ein fin ørret hang på kroken. Kanskje var dette den fyrste som var
landa frå Nedstevatnet i år. Det vart med denne eine. Som god friluftsmann hadde han med ein liten tollekniv som han brukte for å stelte fisken,
ut med innvollane og vekk med hovudet. Om han hadde hatt salt og peppar ville Håkon ha grilla fangsten sin på grillen ved Nedstevatnet, sa han.
Det vart kveldsmåltid heime i staden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380