Lokalnytt

Mange på trimtreff

Årets fyrste trimtreff var lagt til Nedstevassetra.
Årets fyrste trimtreff var lagt til Nedstevassetra.

Sunnylven IL sitt trimtreff på Nedstevassetra samla 29 små og store trimmarar. Mange tok turen enno lenger, til Stegholen og Flofjellet.

Trimtreffet ved enden av Nedstevatnet var det fyrste av to denne sommaren. Kvar det andre blir er enno ikkje bestemt, men det vert arrangert i
slutten av august, opplyser trimgruppa. Søndag møtte omlag like mange born som vaksne, 29 til saman, eit bra resultart med tanke på at det også
var fleire andre arrangement i bygda denne dagen. På trimstaden var det laga til slik at alle som ville kunne grille. Mange pølser gjekk unna og
såg ut til å smake.
Turen til Nedstevassetra går etter god veg, og passerer ein trepoengs trimpost i heimste enden av vatnet. I Stegholen er ein ny post med tre
poeng som mange besøkte, og nokre tok turen heilt til skihytta på Flofjellet. Vegen opp dit er no fri for snø og fin for både gåande og syklande.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380