LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2008

Mykje vedfullt på loppemarknad

doc_271_2

Sunnylven sanitetslag får inn mange verdfulle ting til loppemarknaden under Hellesyltdagane. I år er utval av pyntegjenstandar stort, og ei
sofagruppe og andre gode bruksting vil bli bydde fram til rimelege prisar.

I meir enn ein mannsalder har Sunnylven sanitetslaget skipa til loppemarknad på Hellesylt. Arrangementet var starten på det som har blitt
Sommardagar på Hellesylt.
Det skjedde så lite på Hellesylt om sommaren, tykte sanitetsdamene på 70-talet, så difor kom dei saman for å drøfte kva dei kunne gjere med det.

Gata full med varer
Det enda opp med loppemarknad i gata ved Kleivabuda, noko som vart ein overveldande suksess. Varer var det rikeleg av, salsbenkar og klestativ
stod på rekke og rad i heile gata, og kjøpelystne strøymde på. Også turistar frå eit cruiseskip var mellom kundane. Einaste ferdselsåra gjennom
tettstaden Hellesylt var eit stort folkehav og nesten uframkomeleg for reisande. Det var starten til loppemarknaden til Sunnylven sanitetslag,
eit fast innslag under Hellesylt-dagane.

Auksjon
Med åra har vareutvalet blitt litt mindre. Mellom anna er det slutt på handel med klær, men kvart år kjem det inn både antikvitetar og gode
bruksting. I år er der også fine, gamle møblar, mellom anna ei sofagruppe med ein treseter og to stolar.
Dei mest verdfulle blir auksjonert frå utescena laurdag. Overskotet frå gatesalet under Sommardagane deler sanitetslaget ut til gode formål i
bygda.
På bildet viser Anne Marie Ljøen og Kari Hauso Stadheim fram ein flott sofa av eldre modell som kjøpelystne kan by på under loppemarknaden 5.
juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380