Opna kunstutstilling
Administrerande direktør i 62º NORD a/s, Terje Devold opna sommarens bildeutstilling i Peer Gynt Galleriet. Utstillarar er Jan Ove Ringstad, Sula
og Per Elsdorf Kristiansen frå Østlandet.
Ringstad målar abstrakt og stilte med fire store bilder. Per Elsdorf Kristiansen hadde med fleire bilder i figurativ stil. Her var motiv mellom
anna frå Oppstryn og Hjelle.
Mange interesserte var til stades då Terje Devold opna utstillinga. Devold var glad for at ei ny kunstutstilling var på plass også i år, og at
dørene til kunstsenteret på Hellesylt var opne for sommaren. Han takka Roar Aasen og selskapet Aasen Opplevelser for at dei sa ja til å stå for
drifta av kunstsenteret.
Sjølv om 62º NORD hadde engasjert seg i aktivitetar også på nye stader, forsikra han at selskapet ikkje hadde gløymt Hellesylt. –Vi ventar berre
på at nokre byråkratar skal bestemme seg, sa Devold og sikta då til byggeforbudet som framleis gjeld.
Terje Devold var imponert over engasjementet ”Hellesyltingane” viste i fleire saker. –Dei bryr seg tydeleg vis om bygda si, og vi vil stille opp
for å hjelpe. Ein treng engasjement og vilje til å stå på for å finne løysingar, sa adm. dir. Devold mellom anna.
Utstillinga tykte han var spanande, men la til i skjemtande ordelag at om ein såg på det dårlege sommarveret på opningsdagen, var det nok Jan Ove
Ringstad med sine abstrakte stil som hadde ”treft” best.
Eitt bilde av Per Elsdorf Kristiansen vart seld fyrste dag i Peer Gynt Galleriet. Kunst og salsutstillinga er opa ut august.