Sjeldan fuglebesøk ved Helsetvatnet

Eit staseleg syn med ein Stork på lovetaket på Helset. (Foto: Fredrik Helset)

Eit staseleg syn med ein Stork på lovetaket på Helset. (Foto: Fredrik Helset)

Ein Stork har hatt tilhald ved Helsetvatnet dei siste dagane. Etter ein flygetur landa han høgt på eit låvetak der han var eit staseleg syn.

Stork er ein svært sjeldan fugl på nord-Vestlandet. Berre sjeldan registrert som streiffugl i Norge, mest mellom Oslofjorden og Rogaland. Hekkar
i Danmark, men neppe i Norge, står det å lese i handboka ”Våre fugler”.
Det var tidleg denne veka Jørgen Helset såg Ciconia ciconia, som er det latinske namnet på fuglen, beite ved Helsetvatnet. Den var lett kjenneleg
med si kvite drakt, knallsvarte svingfjør og raude nebb og bein.
Dagleg har han teke sine flygeturar i området med pause mellom anna på mønet av ein låve.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380